x

You are using an outdated browser. Please upgrade your browser to improve your ReverbNation experience.

Stingray / Press

“Om du sit i ein 1969-modell Corvette med ope tak, 475 svoltne hestar under panseret, brylkrem i håret og flotte kvinns i samtlige seter, er sjansane svært store for at Stingray går på full guffe over anlegget ditt. Det er ikkje meininga å drive med kjønnsdiskriminering, men Stingray er musikk for Menn med stor M, eit overvettes maskulint og testosteronlada band som vil teppebombe Søre sunnmøre med knallhard, breibeint boogierock av ypparste klasse. Kenneth Busch (bass/vokal), Jossi Cash (vokal/gitar), Kåre Myklebust (gitar) og Johnny Rubber (trommer) er kremen av den tradisjonelle rockescena på sunnmøre, og fyller større og større scener med sin sjølvproduserte rock’n’roll. Stingray har gitt ut EP-en "Shooting Blanks", med ein tilhøyrande musikkvideo som fortel det meste: høg flaskeføring, brei beinføring og rein machismo. Eit perfekt band for å fyre opp stemninga på årets Amcar-treff!”

Feedback